Program og utstillarar

Program Ulsteinmessa 8. juni 2024

11.00
Opning av messa v/Ordførar Stian Skorgen Scheide. Musikklaget ULF, Korklubben og Tween Sing opptrer. Bjørnis kjem!

12.30
Konsert med Ulstein Ten Sing og andre Ten Sing-grupper frå regionen

13.00
Auksjon og trekningar
14.00
Allsang ved Benz´en
15.00
Program slutt
Nytt av året er vår eiga leikebilmesse– av barn, for barn. Alle barn som leverer inn ein liten leikebil får eit lodd og er med i trekkinga av ein splitter ny og stilig fjernstyrt bil, sponsa av rause Norli på Amfi Ulsteinvik. Alle leikebilane blir stilte ut på messa–før dei blir med Sunnmøre Folkehøgskule til Tanzania. Skulen arbeider i lag med YWCA Ilula og Ilula Orphan Program, og jobbar slik for å hjelpe barn og unge kvar dag. På Ulsteinmessa kan altså alle barn enkelt vere med og gjere ein forskjell.
Alle bilar som vert levert inn må sjølvsagt vere heile.