Velkommen

Ulsteinmessa er eit arrangement for heile familien, og vert arrangert laurdag 8. september 2018. Arrangementet er lagt til parkeringsplassen ved det tidlegare administrasjonsbygget til Rolls-Royce og ved Aktivitetshuset ved Store Vikholmen.
Vi reknar med eit titals ulike bilmodellar vert stilt ut. I tillegg blir det auksjon, tombola, lotteri, matsal, musikkinnslag m.m.
Ulsteinmessa blei første gang arrangert i 2017 og samla om lag 3000 publikum.
Arrangementet vert lagt til rette for heile familien og skal vere positivt for Ulstein og regionen.
Inntektene frå Ulsteinmessa går til Ulstein nye kyrkje.

Program og utstillarar

Dette var programmet i 2017:

Fjorårets program. Årets program vert bygd over ‘same lest’.

Kl. 11:30 
Opning ved ordførar Knut Erik Engh
Korklubben, Tween Sing og Ten Sing
Tryllekunstnar for born

Kl. 12:30
Bildropp, speaker Kjell Erik Rotevatn

Kl. 13:30
Auksjon, auksjonarius Åge Grimstad

Kl. 18:15
Slaktarbandet
Bakarbandet

Kl. 11:00 – 19:00
– Sal av grillmat
– Tombola
– Bildropp ved det gamle administrasjonsbygget til Rolls-Royce (nedanfor Shell)
– Marknad med idretts- og friluftsutstyr
– Hoppeslott
– Sightseeing med helikopter

Utstillarar i 2017
Det vil vere ei rekke bilutstillarar knytt til Ulsteinmessa. Over 70 ulike bilmodellar og fleire toppmerke som Tesla, Porche og Mercedes har meldt at dei blir med på Ulsteinmessa. I tillegg vert det stilt ut tre ulike motorsykkelmerke.

Motorforum
– Opel
– Mitsubishi
– Renault

Ørsta Bil
– Ford
– Nissan

Porsche Ålesund
– Porsche

Toyota Sunnmøre, Ørsta
– fem ulike Toyota modellar

Berge & CO Ørsta
– VW
– Audi

B.O. Steen Hovdebygda
– Mercedes
– Citröen

Ulstein bil
– Mazda
– Hyundai

Tesla Ålesund
– Tesla

Bjørdal Bil
– Honda
– Suzuki

Ams Ålesund
– Harley MC
– Yamaha MC
– BMW MC

Christfried Kaul
– Trabant 601

Bassbrothers
– Bilstereo og tilbehør

Tuningservice
– Software/Chiptuning

Klikk på bilde for å laste ned annonse frå Vikebladet 3. august 2017:

Innsamling

Det er Nyekyrkjekarane som arrangerer Ulsteinmessa. Bakgrunnen er eit ynskje om å skape eit positivt engasjement omkring barne- og ungdomsarbeidet i Ulstein sokn. Med Ulstein nye kyrkje vil ein få gode og tenlege lokale for barnekor, speidar, ten sing, gudsteneste, kyrkjekaffi osv.

Midlane som vert samla inn, vil gå til å realisere den nye kyrkja vår. Om du ynskjer å bli fast givar, så klikk her for å bli kyrkjebyggar!

 

 

Kart over messeområdet

Den raude sirkelen syner messeområdet ved parkeringsplassen ved det gamle administrasjonsbygget til Rolls-Royce. Det er eit stort areal med plass til dei ulike utstillarane og aktivitetane knytt til Ulsteinmessa.

Skjermdump: Sunnmørskart.

Kontakt

Kontaktperson for utstillarar
v/ Cato Voldsund
Brendehaugen 8
6065 Ulsteinvik

E-post: cato-vo@online.no